Hjem

Seljestad Hyttegrend ligg i Odda kommune i Hordaland. Hyttegrenda ligg sentralt på Seljestad med panoramautsikt som gjer det attraktivt heile året rundt.

 

Kommunesenteret ligg berre ein liten kjøretur frå Seljestad.

I Odda finn du eit bredt tilbod av butikkar og kulturelle tilbod.Vinterhalvåret har mange fine aktivitetar å tilby.

For den som er turglad er det preparerte løyper i eit fantastisk terreng. Om du vil, kan du gå utanfor løypene og berre nyta viddene i time etter time. Seljestad Hyttegrend ligg imellom to flotte ski-anlegg, Ljontjørn og Korlevoll.

Begge desse ski-anlegga har preparerte løyper og lysløyper for langrenn og andre ski-aktivitetar.

 

Seljestad Hyttegrend ligg ca. 6 km. frå Røldal skisenter – Håradalen. Med den stabile og store snømengda er Røldal skisenter eit attraktivt reisemål. Dei har med sine varierte og utfordrande nedfartsløyper utvikla seg til eit unikt skieldorado for området.

 

Både vår, sommar og haust ligg det til rette for flotte naturopplevingar. Seljestad Hyttegrend ligg midt i eit imponerande naturområdet som gjev store mogelegheiter. Her finn du turmogelegheiter frå spaserturar i skogs-stiar til merka T- løyper innover store vidder.